Kulturkafé med Lars Viljo Trio og Ålesund kulturskole
lør. 02. nov.
|Ålesund
Opplev definisjonen av jazzsjarm live på Sobra scene!
Tid og sted
02. nov. 2024, 12:30 – 15:00
Ålesund, Korsegata 6, 6002 Ålesund, Norge
Om arrangementet
Lars Viljo Trio vart født vinteren 2024, då fiolinisten Lars Viljo Fauske frå Sykkylven trengte eit komp til prøvespel. Han kontakta pianisten Dag-Filip Roaldsnes på Valderøya og tennfjording og bassist Lars Martin Vik. Bandet møttest i januar 2024 og tok opp eit par standardlåtar og ein sjølvskriven, som Lars sendte av garde.
Trioen let så bra at det ikkje berre resulterte i studietilbod på fleire av landet sine ypperste utdanningsinstitusjonar innanfor rytmisk musikk, men og i eit meir permanent musikalsk samarbeid som til no har ført til konsertar både i Sykkylven kulturhus og på Ingeløa på Valderøya. Det går enno gjetord om desse konsertane rundt om i bygdene, grunna Lars sitt sjarmerande og talentfulle vesen og spel, støtta opp av dei leikne leikne pianotonane og ein stødig bassbeat!
Lars Viljo er no student ved den særs anerkjende og høgt hengande jazzlinja på NTNU i Trondheim. Lars Martin Vik er utdanna…